1. Generelle abonnementsvilkår
1. Gjeldande vilkår er dei som ligg på avisa si nettside.
2. Avisa kan når som helst endre prisen på abonnementet. Om abonnementet strekkjer seg over ein periode med ny og gammal pris, vil dette vere spesifisert på fakturaen.
3. Nye abonnementsprisar vert kunngjort gjennom annonse i avisa/nettsida til avisa seinast 14 dagar før dei vert gjort gjeldande.
4. Fakturagebyr kjem i tillegg ved papirfaktura. Fakturagebyret fell bort ved Avtalegiro, eFaktura og kortbetaling.
5. Abonnementet vert betalt på forskot i samsvar med den betalingsperioden som er vald.
6. Dersom abonnementet ikkje vert betalt innan rimeleg tid etter forfall, vert levering av avisa stoppa og det vil bli sendt ut faktura for den tid avisa har blitt levert.
7. Abonnementet er aktivt inntil det vert sagt opp. Ved oppseiing går abonnementet ut den perioden det er betalt for, men vert ikkje fornya.
8. Alle abonnement inkluderer enkelte digitale element.
9. Alle artiklar, fotografi, grafikk med meir vert stilt til rådigheit for vising/lesing. Kopiering eller utskrift til eige personleg bruk er tillate. Ytterlegare bruk og framstilling krev skriftleg avtale med avisa. Verksemder må ikkje mangfoldiggjere materiale til bruk for verksemda sine tilsette eller til kommersielt bruk. Dette gjeld også vidareformidling i elektronisk eller digital form. Det vert elles vist til lova om opphavsrett.
2. Spesielle vilkår for papiravisa
1. Papirleveringa kan flyttast til ny fast adresse eller til ferieadresse.
2. Mellombels stopp i leveringa av papiravisa vert ikkje godskrive, då sjølve abonnementet er aktivt og dei digitale tenestene vert levert heile tida.
3. Dersom papirleveringa skulle utebli, vil avisa sitt erstatningsansvar avgrense seg oppover til det beløp som er betalt for i den perioden avisleveringa har uteblitt.
3. Spesielle vilkår for digital tilgang
1. Alle prisar er inkl. mva. for dei digitale delane av abonnementet.
2. Abonnementet eller dagspasset gir ein (1) personleg digital tilgang til plussartiklar i nettavisa, til dagens eAvis, til eAvis-arkivet og til enkelte andre digitale tenester. Ved kjøp av dagspass gjeld tilgangen fram til midnatt same dag.
3. Inkludert i abonnementet ligg eit familieabonnement. Dette gir abonnenten mulegheit til å gi ytterlegare to (2) familiemedlemmer i eigen husstand tilgang til dei digitale tenestene. Merk: I eigen husstand.
4. Dersom abonnenten ikkje er ein privatperson, men ei verksemd, kan denne gje digital tilgang til ytterlegare to (2) medarbeidarar, på same måte som for familiemedlemmer. Denne verksemdsrelaterte tilgangen kan då brukast på verksemdas adresser eller på jobbreiser, el.l.
5. Verken abonnenten (1) eller dei registrerte familiemedlemmene/medarbeidarane (inntil 2) kan spre tilgangen ytterlegare. Merk: Totalt inntil 3 tilgangar per abonnement.
6. Dersom tilgangen vert misbrukt eller spreidd ut over det tillatne, kan avisa stengje tilgangen med øyeblikkeleg verknad. Alvorleg misbruk kan bli meldt.
7. Den digitale tilgangen vert levert så lenge abonnementet er aktivt, også under evt. stopp i levering av papiravisa.
8. Forseinkingar på digitale utgåver vert ikkje godskrivne.
4. Spesielle vilkår for UNG
1. Gjeld for deg mellom 18 og 33 år.
2. Abonnement er kun digitalt og inneheld eAvis og Pluss artiklar..
3. Gjeld t.o.m. det året du fyller 33 år.
4. Abonnement føreset at vi kan kommunisere med deg per e-post.
5. Ved bestilling må fødselsdato oppgiast, og kopi av legitimasjon må kunne visast fram og sendast avisa på førespurnad. Kan ikkje gyldig legitimasjon visast, kan abonnementet bli endra til ordinært digitalt abonnement. Du vil få ei påminning om dette før fristen går ut.
5. Spesielle vilkår ved kjøp på nett
1. Det er 18-årsgrense for kjøp frå vår nettbutikk.
2. Kjøpet kan hevast innan 14 dagar. Ta kontakt med avisa sitt kundesenter ved spørsmål og heving av kjøp.
Avisa brukar kundeopplysningane til å oppnå større kunnskap om sine abonnentar, slik at avisa heile tida kan forbetre produkta. Når det gjeld informasjon som er oppgitt på brukarkonto, samt informasjon knytt til transaksjonar, har avisa felles behandlingsansvar med Schibsted Payment AS som leverandør av SPiD-tenesta. Opplysningane vert ikkje vidaresende eller selde til andre tredjepartar, og vert oppbevart i samsvar med norsk lovgiving. Abonnentar må sørge for at avisa heile tida har riktig kontaktinformasjon.